Om verket:
Bein og boge (Hole & Hovde, 2025) er ein tverrkunstnarleg installasjon med barn som målgruppe, eit bestillingsverk til samtidsmusikkfestivalen tonehimmel på Søre Sunnmøre i 2025. I eit lite skogholt ved Rotevatnet møter publikum fleire kunstverk og instrument laga av bein, tre og ull. Installasjonen Bein og boge innbyr til både oppleving og interaksjon, og er skapt for at barn skal få møte kunst gjennom å sanse, ta på, lytte og spele på dei ulike instrumenta med naturen sin lyd som bakteppe.
Bein har gjennom tidene spelt ei stor rolle i kulturelle og naturhistoriske samanhengar, i kunst og handverk, og i ulike økosystem. I installasjonen Bein og boge legg kunstnarane vekt på bruk av berekraftige og organiske materiale. Alle element i installasjonen er skapt for å vare, samstundes som dei med enkle grep kan demonterast for å kunne gå attende til naturen.
Til installasjonen er det komponert to stadspesifikke verk: Vesle bein og Store bein. Ved å scanne ei QR-kode får publikum tilgang til verka, som er innspela med dei same beina ein kan høyre og interagere med i installasjonen.
Målgruppe: barn i alderen 2- 8 år i følgje med vaksne