Cecilie Hole
Det forgangne og det levande vert eina i kunsten til Cecilie Hole. Ein fiskestim laga av over 200 kjevebein, ein fuglesverm av ryggvirvlar, sjølve livssyklusen representert gjennom 60 okseskallar – dette er berre noko det du kan forvente av den hjarterå, fengslande kunsten hennar. Hole, som tidlegare har studert ved Ålesund Kunstfagskule og Høgskulen i Volda og no er busett i Hareid, arbeider ofte med alvorlege tema som born i krig og livsgongen frå fødsel til grav. Med effektiv bruk av motiv og fargar, fangar bileta hennar tilskodaren, og nektar å sleppe.
Hildegunn Hovde
Hildegunn Hovde er songar, musikar og komponist, og bur på Lauvstad. Ho er utdanna innan song og komposisjon frå Norges Musikkhøgskole, og arbeider som frilansar i tillegg til å undervise ved Høgskulen i Volda. Hildegunn har ei rekke plateinnspelingar, bestillingsverk og prosjekt bak seg innan ulike sjangre, og arbeider hovudsakleg med vokal folkemusikk og utøvarbasert komposisjon. I 2014 vart ho tildelt 2-årig arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend. Hildegunn utforskar stemme, instrument og objekt frå naturen i møte med musikk.
Billedkunstnar Cecilie Hole og musikar/komponist Hildegunn Hovde er utøvande kunstnarar med lang erfaring med å skape kunst for og med barn. Dei underviser båe ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og er tilknytt Aggregat Kunstnerfelleskap.